Gospelnight på Framnes!
I helga gjekk den etterlengta gospelnighten på Framnes av stabelen. Her var det ein heil gjeng med ungdommar som samla seg og var med. Her gjekk det i mellom anna lovsang, andakt og bønnevandring.
Gospelnighten som byrja fredag 19.februar på Framnes blei ei minnerik gospelnight. Her kom det rundt 100 ungdommar som koste seg gjennom heile kvelden. Det heile braka laus med ei overraskande velkomstsong med melodien, "rai rai" av dde, før programmet gjekk vidare med herlig lovsang. Det kom og informasjon om mellom anna Mission Adventures som skal vere til sommar. Ei misjonstur som skal vere i slutten av juli-begynnelsen av August.
Andakten var ved Ole Os der temaet var at kristne er gjorde fri frå synda ved at Jesus tok straffa vår. Straffa er dyrt betalt, ved Jesu si eige blod. Deretter fylgde lovsang, forbønn og bønnevandring.
Då vil me sei tusen takk til alle som bidrog for at denne gospelnighten vart så bra som den vart :) Me gleder oss allerede til neste gospelnight. Følg med på Origo-sida for meir informasjon om Origo-kveldar (http://www.origo-ungdomsklubb.no/) og gospelnightar som skal vere framover viss du har lyst til å vere med :)
22.02.10, Knut Seim
